GOSJ, I ♥ waffles!





♥


KARMA!
Etter x antall episoder denne helga, er M og eg overbevist om at karma faktisk må eksistere. Mykje av det som kan gå galt har gått galt, men så ordner det seg alltid til slutt! Lønner seg å vere snill pike! Hehe.
No er altså sofaen på plass - HURRA! Men var ikkje berreberre å hente den. Då me kom til Living på fredagen, viste deg seg at dei to hengerene som Living hadde til disposisjon var opptatt og at begge hadde ei "venteliste". Kurt, han som skulle hjelpe oss med å kjøre sofaen, tok derfor turen til Shell-stasjonen i nærheiten og fekk låne ein henger av dei. Etter MASSE styr med å få sofaen til blokka og inn i leil., var både M og eg blå både her og der etter klemstring og dunking. Hurra for innflytting! Som eit plaster på såret viste det seg at Kurt kjente ho som jobba på Shell veldig godt, så ein henger som me egentlig skulle ha betalt 600-800 kr (!) for, betalte me kun 150 kr for!!! I tillegg ville han og kona berre ha 100 kr for bryet, så snakk om å gjere eit kupp! Etterpå blei det storshopping på Lagunen:
Til badet:

Karaffel på tilbud - fekk den for 100 kr!

Store puter til sofaen!

Resultat etter shopping! (Merk våre 36 doruller til 69 kr! KUPP!)

Monteringen av sofaen gjekk ikkje så bra som me hadde håpa på. Me hadde nemlig IKKJE SJANS til å få skrudd beina på! Så trenger nok 1 stk handyman og 1 stk veldig god drill. Jaja, den funker i alle fall fint å sitte i anyways ;-) Avrunda dagen med 1000 stearinlys, perfekt heimelaga pizza, digg og The OC. Gotta love it! <3
Før:

Etter:

Lørdag blei det tur til by?n. Skulle ordne ?eit par? ærend ? men endte opp som pakkesel og ein del 100-lapper fattigere. HAHA! I tillegg henta eg Hööks-pakka mi på posten, ca 15 min gange frå blokka vår. Ikkje det lureste eg har gjort, men kom meg i hus! Til ferdig graut, made by my fabolous M! Seinere blei det facemask, hårkur og litt shinings før me reiste på Brilleparty til ei på skulen min. Kjempekveld med akkurat passe innabords og godt stemning! Kjekke folk og ikkje minst fancy briller!
Woop woop!

Meg og bursdagsbarnet Ida i farta!

Søndagen gjekk fort. Rydda litt og gjorde klar leiligheiten, før eg reiste til sentrum for å hente Malin som kom heilt frå Fredrikstad for å besøke meg eit par dager. Kjempekoselig! Tok oss ein liten lunch/smoothie på ein café (heilt OK mat til ein grei pris), kikka litt i sentrum og reiste heim for å ete middag. M stilte opp med aspargessuppe med blomkål, brokkoli og nystekte, grove rundstykker! Mmm. Men etter at M oppdaga ei LARVE i suppen sin, blei nok gleden kortvarig. Endte opp med ein kaffekopp og litt sofachill før me stakk på kino for å sjå Step Up 3D! Veldig good feeling-film som anbefales! Var maks heldige der òg: fekk dei siste 3 billettene som var igjen!! Litt synd at ikkje alle 3 fekk sitte sammen, men.
I dag skal Malin og eg på rundtur i Bergen by! Må berre først få i oss litt frokost i tillegg til at eg har ein forelesning eg bør gå på. Ellers står ting som shopping, Akvariet, kaffe på Bocca, middag på Zupperia og ein tur på Fløyen på programmet. Er glad for at alt har gått fint med M i dag ? første dag på Sonans som privatis! Ho virka i godt humør og var fornøyd med opplegget så langt, så krysser fingrer for at det blir noko ho ikkje vil angre på :-)
Today?s gonna be a good day!
Har DE hatt ei fin helg? :-)
Makrell i tomat - lykke på boks!

BACK ON TRACK!
